Skodespel og teater blir kalla ei kollektiv kunstform, og mange vil sei at ein skodespelars kanskje viktigaste ferdigheit, er å lytte til andre. Likevel kjem ein ikkje unna monologen. Men korleis gjer du eigentleg ein god monolog?

Skodespel og teater blir kalla ei kollektiv kunstform, og mange vil sei at ein skodespelars kanskje viktigaste ferdigheit, er å lytte til andre. Likevel kjem ein ikkje unna monologen. Særleg på opptaksprøver og auditions vil ein bli beden om å gjere ein monolog, men også på scena eller framfor kamera må skodespelarar beherske kunsten å gjere ein god monolog. Men korleis gjer du eigentleg ein god monolog?

Monologen, i form av den munnlege forteljinga, kan seiast å vere urforma til teateret. Så fort menneska hadde utvikla eit språk, byrja dei å fortelje kvarandre forteljingar og mytar for å vidareformidle nedarva kunnskap. Å hugse den raude tråden i historia, og sjølv forstå meininga med det ein fortalde, var det som heldt monologane levande. I dei fyrste vestlege teatera me kjenner til, i det antikke Hellas, er det også monologen som er det berande elementet: ein enkelt skodespelar fortel og speler ut historia, vekselsvis åleine eller med hjelp av eit kor. 

I dag skil me gjerne mellom ulike typar monologar. I store drama finn ein episke monologar. Der går protagonisten (helten) i monolog med seg sjølv, og gir eit nærbilete av korleis hen tenkjer eller føler. Verdas truleg mest kjende døme på dette er helten Hamlet sin monolog, som byrjar med “Å vere eller ikkje vere, det er spørsmålet…”, i Shakespeare sitt stykke Hamlet. Her har helten Hamlet funne ut at onkelen har drepe far hass og gifta seg med mora, og han drøftar kva han bør gjere med denne informasjonen. I andre drama blir monologar nytta for å la ein karakter fortelje om –, eller kommentere heile handlinga. Då kan karakteren gjerne vende seg direkte til publikum. I film finn ein att denne forma som forteljarstemmer. Ein tredje type er dei sjølvstendige monologane, som skapar ein heilskap for seg sjølv. Det kan vere alt frå ein kort revymonolog til ei lengre samanhengande monologforestilling. 

I film er gjerne ikkje monologen like tydeleg som i teateret. Der publikum og aktørane på scena har ei fiksjonskontrakt som seier “vi veit at dette er på liksom, det er teater”, prøver filmen å selje publikum illusjonen av at det vi ser, skjer på ekte. Og sidan få av oss går rundt å har lange, poetiske einetalar på ekte, så er det også færre av dei på film. I staden finn me kortare monologar i form av ei forteljarstemme eller ein “voice over”, telefonsamtalar, eller lange replikkar i ein dialog. Under innspeling kan du også oppleve at du må spele inn “din del” av dialogscener utan den andre parten tilstade. Å formidle dine reaksjonar og kjensler i dialogen utan at du eigentleg har nokon å reagere på, kan også fort opplevast som eit monologarbeid. 

Felles for alle monologar er altså at dei er einetalar, der den som speler står åleine om å formidle noko. Og nett det gjer monologar så sentralt på opptaksprøver og auditions. Det gjer det lettare for dei som vurderer deg å sjå deg: kva val tar du, korleis forstår du teksten, og kva gjer du for å få fram bodskapen – åleine.

Så korleis kan du vite kva svar dei vil ha på desse spørsmåla? Det kan du sjølvsagt ikkje, men det finst nokon generelle tips det kan vere verdt å ta med seg: 

1.Forstå teksten

Fyrste steg er sjølvsagt å lære seg teksten, men å hugse orda er berre ein start. Minst like viktig er å forstå kva du seier, og kvifor du seier det du seier. Eller, sagt på ein annan måte: kva du seier utan å sei det – altså underteksten i monologen. Dei fleste monologar (eller dialogar for den del) handlar om meir enn dei orda som blir sagt. Til og med småpraten om vêret til dei eldre damene utanfor butikken seier noko meir enn berre korleis vêret er. Mellom linjene fortel dei kvarandre at “eg ser deg, og eg tar meg tid til å ha denne praten med deg fordi eg respekterer deg og gjerne vil at du skal like meg”. Eller noko heilt anna. Ein monolog som fortel om kor stort hus du har, snakkar kanskje eigentleg om å vere einsam, og ein som snakkar om kor bra pappas nye kone er, kan like gjerne prøve å fortelje noko om sorg. Ofte kan det vere eit rom for tolkning i kva teksten eigentleg snakkar om. Då må du ta val – kva meiner du at du prøver å fortelje, og stå for det når du speler. 

2.Bruk deg sjølv og eigne erfaringar.

Dersom du kan velje monologtekst sjølv, finn ein tekst du kan kjenne deg att i, og som betyr noko for deg. Det gir deg mykje meir å spele på, og gjer det lettare å vere truverdig i rolla. Andre gonger får du tildelt ein spesifikk tekst, gjerne frå manus til filmen eller stykket du er på audition for. Det same gjeld i grunn då også – finn den underteksten som snakkar til deg, og spel den ut. Om du ikkje har tolka teksten likt som regissøren, så har du alle fall vist at du tør å ta val og komme med tilbod. Det gir regissøren noko å jobbe med. Å låse seg heilt i ei tolking skal ein passe seg for. Kanskje ser regissøren ein anna undertekst, og vil ha deg til å spele ut det og. Då bør du vere i stand til å omstille deg, og spele ut det med truverd også. 

3.Vit at du snakkar til nokon

Sjølv om monologen er ein einetale, skal du fortelje han som om du snakkar til nokon (andre enn panelet du kanskje har framfor deg). Definer for deg sjølv kven det er du snakkar til. Det bør vere nokon det betyr noko for deg (eller rolla di) at høyrer det du seier. Du seier det du seier fordi du treng at den du snakkar til høyrer det. Det treng likevel ikkje bety at det du seier er lett å sei, og at orda kjem som perler på ei snor. Oftast, når me treng å sei noko til nokon, er det fordi det er litt vanskeleg å sei, eller har ein risiko ved seg. Du har ein slags indre motstand mot å sei det. Kanskje vil ikkje den du seier det til like det du seier, eller verre: ikkje like deg, etter at du har sagt det. Kanskje er vedkommande uenig, eller kanskje dummar du deg ut. Kanskje kan det du seier få store konsekvensar for deg, eller nokon du bryr deg om. Kanskje vil du sjølv forstå at du er ein dritt om du seier det høgt. Eller kanskje går det heilt fint – men det kan du ikkje vite før etter at du har sagt det! Difor kostar det deg noko å sei det det du skal sei. Det må du spele på. (Eit unntak her er kanskje den klassiske revymonologen. Der har karakteren ofte lite utvikling, og gjer heile monologen utan tanke på konsekvensar av det hen seier. Humoren ligg jo då ofte i at karakteren ikkje forstår sin eigen undertekst). 

Lykke til med monologarbeidet ditt!