Kvart år blir Nordmøre Folkehøgskule invadert av livleg og triveleg ungdom som skal få eit skoleår som skal vare heile livet. Nokon av desse ungdommane er såkalla «praktikantar» som kommer til skulen som miljøarbeidarar som elevane kommer til å sjå ein god del av i løpet av skuleåret. Ein av desse er Tore Mækinen som gjekk e-sport for tre år sia, og han har vært so hyggeleg å svare på nokon spørsmål frå linjelærar Erkki.

Kvart år blir Nordmøre Folkehøgskule invadert av livleg og triveleg ungdom som skal få eit skoleår som skal vare heile livet. Nokon av desse ungdommane er såkalla «praktikantar» som kommer til skulen som miljøarbeidarar som elevane kommer til å sjå ein god del av i løpet av skuleåret. Ein av desse er Tore Mækinen som gjekk e-sport for tre år sia, og han har vært so hyggeleg å svare på nokon spørsmål frå linjelærar Erkki.

-Korleis hamna du på Nordmøre Folkehøgskule?

Etter VGS var eg rimeleg lei skulegangen, og eg visste at eg ønska å fortsette på videre utdanning i teoretiske fag. Difor meinte eg det passa å ta eit år på Folkehøgskule for å få eit avbrekk til den realfagstunge kvardagen. Alle tre brørne mine hadde søkt seg inn på folkehøgskule etter VGS, så det var naturlig for meg å gjere det same. Det hjelpte også at eg fekk med meg to kameratar i søknadane, slik at eg ikkje gjekk inn i det åleine.
At eg hamna spesifikt på Nordmøre Folkehøgskule var litt meir tilfeldig. Eg søkte på masse forskjellige e-sport linjer i landet, og av dei som svarte raskast hadde NoFo mest attraktivt reisemål. Sidan eg ikkje visste noko om korleis folkehøgskule fungerte var det ikkje så lett å sjå etter skilnadar andre stadar på dei forskjellege skulane, og eg hamna difor i Surnadal.

-Kva betyr e-sport for deg?

E-sport gir meg ei rekkje assosiasjonar. I hovudsak tenkjer eg på profesjonelle kampar i League of Legends. Eg fylgjer med på ein del av det profesjonelle spelet gjennom året, og dette hjelper til å sette meg i stemning til å spele sjølv. Andre assosiasjonar kjem ved slikt turneringspel eg sjølv har deltatt på, som for eksempel Telialigaen. Dette er diverre på eit mykje lågare nivå enn det profesjonelle spelet, men eg tykkjer framleis det er veldig moro å tevle med andre som er glad i konkurranse. Det som er viktigast for meg ved e-sport på mitt nivå er lagspelet, og å konkurrere med venner.

-Kva var høgdepunktet med skuleåret ditt?

Høgdepunktet mitt var definitivt klasseturen til Sverige, eller meir spesifikt: Kvelden før arrangementet når me sat til langt på natt å snakka om liv, kjærleik og toskeskap i mange tima. Her vart eg betre kjend med folk eg framleis har kontakt med, tre år seinare.

-Kva råd ville du gitt kommande folkehøgskuleelevar?

Det er vanskeleg å gi generelle råd, sidan same tips kan hjelpe nokon og hindre andre. Noko som forhåpentlegvis ikkje har negative konsekvensar er: Ver sosial! Dette er noko eg angrar på i etterkant. Eg brukte mykje tid med få individ, som har gjort at eg ikkje vart kjend med masse svært trivelege menneske. Nokon av desse har eg vorte betre kjend med i ettertid, andre har eg framleis ikkje hatt meir enn ein handfull samtalar med.


Med venleg helsing,
Tore Mækinen